Vil du bli ein del av laget vårt i Stendi på Voss eller i Hardanger?
Job description
Me i Stendi Voss og Stendi Varaldsøy er i utvikling og ønskjer fleire gode kollegaer med på laget. No styrkjer me bemanninga og søkjer både heltid og deltid , til arbeid i medleverturnus og på natt . Arbeidsplassen din blir då anten på Voss eller Varaldsøy. Me ønskjer oss robuste og trygge ansatte som gjerne har tilhøyrsle til regionen vår, og som ønskjer å vere ein del av eit stabilt fagmiljø over tid.
Kven ser vi etter? Me ser etter deg som har utdanning og erfaring frå desse felta: *psykisk helsearbeid eller psykiatrifeltet . * somatisk pleie *miljøarbeide ilag med personar med ulike funksjonsvariasjoner Vi er òg spesialt interesserte i fagpersonar som har kjennskap til arbeid med menneske frå sikkerheitspsykiatri (TPH).
For fast ansettelse lyt ein ha 3årig bachelor innen helse og sosial Personleg egneheit Me veit at gode medarbeidarar kan ha ulik bakgrunn. Derfor ønskjer me også å bli kjende med deg som har kortare erfaring, men som har dei rette personlege eigenskapane og eit ønske om å utvikle deg i arbeidet. Er du student innan helsefag, vernepleie eller sjukepleie , oppmodar vi deg til å søkje som vikar.
Hos oss kan du få verdifull erfaring, bli kjend med fagfeltet og utvikle deg saman med erfarne kollegaer. Krav til stillinga: -Politiattest etter gjeldande lovkrav
- Norsk tilsvarande B2 - førarkort klasse B Det viktigaste for oss Du må vere ein lagspelar. Vi arbeider tett saman, og kvaliteten på tenestene våre er avhengig av at vi støttar kvarandre, har kunnskap og tek ansvar. Me ønskjer medarbeidarar som har eit ønske om å skape betre kvardagar for menneske som kan ha tunge dagar . Det krev at du klarer å stå stødig når situasjonar blir krevjande, samtidig som du møter menneske med respekt, tolmod og forståing. Hos oss jobbar dei fleste lange dagar og stillinga høver dei med stor arbeidskapasitet som bur i nærleik av arbeidsplassen. Me ser etter både fagpersonar og assistentar – for tenestemottakarane våre, for kollegaene sine og for lokalmiljøet vi er ein del av. Ein lyt ha god forståelse av lovverk aktuelt for å gje fagleg forsvarlege tenester og profesjonelt miljøarbeid. Saman kan me skape tryggleik, kontinuitet og gode tenester innen helse og omsorg i vår region. Me tilbyr Gode arbeidsordningar med langfri periodar: Medlever: 3-7-4-7 Nattevakt: 22.30-07.30 Ellers har me: *Kjekke kollegaer med masse kunnskap *Treningsmuligheit på arbeid *Kompetansekurs frå læringsplattformen (MAP, Legemiddelkunnskap mm).
More jobs at Stendi
Miljøterapeuter innen barnevern i Tromslø
Stendi· Tromsø, NOVi trenger deg med sosialfaglig bachelor til våre avdelinger i Oslo og Bærum
Stendi· Oslo, NO / Bærum, NOLedig fast 100% stilling som miljøterapeut
StendiFaste stillinger miljøterapeut Sveio
Stendi· Sveio, NOStendi Innlandet AS søker tilkallingsvikarer til våre boliger i Innlandet
Stendi· Hamar, NO