Job description
Vil du jobbe med å selje klede, sko og utstyr til sport, fritid og friluftsliv? Intersport Stranda søkjer butikkmedarbeidar i fast stilling, med stillingsprosent frå 50-80 %. Endeleg stillingsprosent blir avklart i dialog med rett kandidat ved tilsetjing. Dette er ei variert rolle for deg som trivs med kundekontakt og ein aktiv arbeidsdag.
Hjå oss jobbar du med både kundar, varer og drift – og du blir ein viktig del av kvardagen i butikken. Stillinga inneber arbeidstid innafor opningstidene og arbeid annakvar laurdag. Arbeidsoppgåver Kundeservice og sal Yte aktiv og profesjonell kundeservice og vegleie kundar i val av sport-, fritids- og friluftsutstyr Skape gode kundemøte og bidra til høg kundetilfredsheit Butikkdrift Samarbeide med teamet om dagleg drift og bidra til eit godt arbeidsmiljø Varemottak, varepåfyll og vareplassering Sikre at butikken til ei kvar tid er ryddig, oversiktleg og innbydande Betening av kasse og handtering av betaling Delta i gjennomføring av kampanjar, salstiltak og lokal marknadsføring Moglegheit for å delta med vareinnkjøp/messearbeid Vi søkjer deg som Er over 18 år Har interesser innafor sport, trening og friluftsliv Kommuniserer godt munnleg på norsk Er imøtekommande, serviceinnstilt og trivst med aktiv kundekontakt Er påliteleg, løysingsorientert, tek ansvar og jobbar godt både sjølvstendig og i team Vil vere ein aktiv og positiv bidragsytar i teamet Vi tilbyr 50-80 % fast stilling Konkurransedyktig lønn og pensjonsordning med 4 % innskot God personalkjøpsordning Opplæring og støtte av kollegaer Moglegheit for meir ansvar og utvikling Godt arbeidsmiljø i eit lite team Om Intersport Stranda Intersport Stranda AS er ein mellomstor fullsortimentssportsbutikk med sterke merkevarer, høg fagkompetanse og eit lite, men dedikert team.
Vi er opptekne av å ha god varekunnskap, personleg kundebehandling og ein ryddig og oversiktleg butikk – slik at kvar kunde finn produktet dei blir mest fornøgde med. Høyrest dette interessant ut? Send søknad på e-post innan søndag 23. februar 2026 . Oppstart etter avtale. Du er velkomen til å ta kontakt eller komme innom i våre opningstider om du vil høyre meir om stillinga.
Ordinære opningstider måndag-fredag 09-17, laurdag 09-15. Ta kontakt med: Arve Mogstad Mail: arve.mogstad@intersport.no Tlf.: 915 84 050
More jobs at Strandafjellet Skisenter
Orkla søker operatører til pizzaproduksjonen
Strandafjellet Skisenter· Stranda, NOPedagogisk leiar hos Tusenfryd barnehage
Strandafjellet Skisenter· Stranda, NONorsk Sjømat Stranda AS søker Automasjonsmekaniker/industrimekaniker/elektriker
Strandafjellet Skisenter· Stranda, NOProduksjonsmedarbeidere
Strandafjellet Skisenter· Stranda, NOBartendar & vertskap
Strandafjellet Skisenter· Stranda, NO