Bykle Vindu AS jobs and careers
Norway
About Bykle Vindu AS
Bykle Vindu AS har produsert kvalitetsvindu og -dører i Bykle i Setesdal sidan 1984. I dag er me om lag 60 tilsette, med hovudkontor og fabrikk i Bykle. Me har også 2 seljarar som jobbar frå avdelingskontor på Kirkenær. I tillegg har me utstilling og kontor på Bryn i Oslo. Me produserer primært vindu med kittfals, og leverer mykje til antikvariske og verneverdige bygg. Detaljar og høg kvalitet på finish er sentralt for oss - her er det ikkje noko som er "standard". Me produserer vindu og dører slik kunden ønskjer, med utgangspunkt i ønskt stilart, tidsepoke, funksjonalitet eller anna. iSOKiTT®-vinduet utvikla me saman med Grindland Trevare i 2007, og det er no denne type vindu me sel aller mest av. iSOKiTT® byggjer på klassisk utsjånad som kobla vindu har, men vedlikehald og reinhald er mykje enklare enn på kobla vindu. I tillegg til iSOKiTT® produserer me tradisjonelle kobla vindu, isolervindu med glaslist og ulike typar spesialvindu. Me produserer også balkongdører og ytterdører. Ved utvikling av vår vindu og dører har me lagt stor vekt på å ivareta omsynet til tradisjonell byggjeskikk og dei verdiar dette representerer. Design er behalde mest mogleg likt sitt originale, klassiske utspring, medan kvalitet og brukseigenskapar er tilpassa dagens krav til morderne vindu. Me nyttar som standard malmfuru med tette årringar og høg andel kjerneved - og set vår stoltheit i fin avslutning med kvalitetsmåling og nøyaktige kittfalsar. Kunden kan velje mellom ei rekke tilval, som til dømes uttrekt bunnkarm og losholt, dekor post og losholt, ulike typar hjørnejern, ei rekke forskjellige hasper og hengsler - og mykje meir!
- Employees
- 11 to 50
- Headquarters
- Norway
Jobs at Bykle Vindu AS
No open positions right now. Explore more companies on TheJobsMap.