Tryggheim vidaregåande skule jobs and careers
Norway
About Tryggheim vidaregåande skule
Ein skule for LIVET! Tryggheim blei etablert i 1919, og framleis står skulen stødig med eit stadig veksande elevtal. Hausten 2024 går 550 elevar på Tryggheim vgs, og 210 av dei bur på skulen sine internat. Opp gjennom åra har tusenvis av elevar blitt utrusta fagleg, åndeleg og sosialt gjennom undervisning og fritidstilbod. Vårt ønske er å utgjere ein forskjell for elevane våre, med læring, vekst og tru i fokus. Tryggheim vgs. er ein kristen friskule som er eigd av Misjonssambandet, og ligg på grøne, flate Nærbø, Jæren. I tillegg til at skulen følger offentleg læreplan, har skulen kristen tru og opplæring i fokus, med faget kristendomskunnskap på timeplanen, og morgonandaktar felles og klassevis. I tillegg til utdanningsprogrammet studiespesialisering tilbyr me bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, påbygg og tilrettelagt avdeling. På ettermiddags- og kveldstid blir det arrangert alt frå kristne møte til konkurransar, turar og andre gilde, sosiale aktivitetar. Kjenner du 10.-klassingar som ønsker ei litt annleis skuletid som dei kan ta med seg resten av livet, er kanskje Tryggheim vgs. noko for dei!
- Employees
- 1 to 10
- Headquarters
- Norway
Jobs at Tryggheim vidaregåande skule
No open positions right now. Explore more companies on TheJobsMap.