Strandafjellet Skisenter logo

Tilkallingsvikar hos Tusenfryd barnehage

Strandafjellet Skisenter

Posted Mar 25, 2026

Job description

Tusenfryd barnehage søkjer etter tilkallingsvikar. Barnehagen vår er ein foreldreeigd barnehage med tre avdelingar for barn i alderen 0-6 år. Barnehagen ligg trygt og fint til i byggefeltet i Langlo 3, med utsikt over Storfjorden. Vi har gode turforhold og kort veg til naturleikeplassar med både grillhytte og lavvo . Vi har om lag 16 årsverk fordelte på 17 tilsette.

Kven er vi? Visjonen vår er: «Det er stort å vere liten i Tusenfryd barnehage.» Vi har ei stabil og innovativ personalgruppe, og arbeidet vårt byggjer på tydelege grunnverdiar: omsorg, engasjement, profesjonalitet og glede . Desse verdiane pregar kvardagen vår og ligg til grunn for korleis vi møter barna, føresette og kollegaer kvar einaste dag.

Barnehagen er medlem i PBL-A og følgjer tariffavtale med gode lønns- og pensjonsordningar. Vi har og eigen kjøkkenhjelp. Personalet har særleg fokus på bruk av alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), mellom anna gjennom teikn og bilete, for å sikre god kommunikasjon og inkludering for alle barn. Kven er du? Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner Er relasjonsorientert med gode samarbeidsevner Skape engasjement og har lyst til å delta i barna sin leik og utvikling Er løysingsorientert og fleksibel Identifiserer deg med Tusenfryd barnehage sine verdiar Har høgt engasjement og ei positiv haldning Kva kvalifikasjonar har du?

Erfaring frå barnehage er ønskeleg Du må vere ein aktiv vaksen som ser enkeltbarnet, høyrer og bryr deg om kva barna ønsker å formidle og kan leie barnegrupper Du må ha god helse, slik at du kan vere ein aktiv vaksen saman med barna både i leik og fysisk aktivitet Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg (Stette krava om norskopplæring) Praktisk informasjon Ved tilsetting må politiattest leggast fram.

Kontaktperson er Dagleg leiar Gro Anita Rjånes,. Telefon: 46630990

More jobs at Strandafjellet Skisenter

See all openings at Strandafjellet Skisenter